Valprogram

Miljøpartiet Dei Grøne i Ullensvang

Valprogram 2023-27

Miljøpartiet Dei Grøne sitt mål er eit medmenneskeleg samfunn i økologisk balanse. Økonomien skal vera underordna sunne økologiske prinsipp og fremja fred og rettferd både lokalt og globalt. Livskraftige lokalsamfunn er ein føresetnad. Vi tek mål av oss til å utforma ein heilskapleg politikk for notid og framtid, basert på tre grunnleggande prinsipp: Solidaritet med andre menneske, solidaritet med framtidige generasjonar og solidaritet med dyr og natur.

Dei store grepa for eit grønare samfunn må ein ta på høgare nivå, i det store fellesskapet, og ein må innretta dei slik at det breie lag av folket sluttar opp om endringane. Samtidig bur vi alle i ein kommune, ein by eller i ei grend. Med det utgangspunktet skal vi fremja høge forventingar til overordna styresmakter, samtidig som vi viser veg ved å nytta handlingsrommet i lokalpolitikken til å setta visjonane våre ut i livet her og no.

Når den komande valperioden er over, håper vi å kunna skildra lokalsamfunnet vårt slik:

Kommunen som arena for demokrati og medborgarskap:

  • Kommunesamanslåinga er historie, slark og gnisningar er eit tilbakelagt fenomen. Folk opplever aukande samkjensle på tvers av gamle grenser. Men geografien er som før, det er difor semje om å oppretthalda spreidd busetting langs strender og dalar.
  • Fagforeiningar, næringsråd, grendelag og andre organisasjonar supplerer kommunens formelle organ, og dei blir tidleg trekte med i saker som vedkjem dei. 
  • Det er låg terskel for å halda rådgivande folkerøystingar i heile eller delar av kommunen.
  • 16-åringar har fått stemmerett ved lokalval.
  • Vi tek i mot vår del av dei flyktningane som kjem til Norge. Kommunen og sivilsamfunnet samarbeider om å integrera dei godt.

Kommunen som spleiselag og arbeidsplass:

  • Ein velsmurt, lyttande og imøtekomande organisasjon gjer at kommunen scorar høgt på forbrukarrådet si årlege ranking av service til innbyggarane.
  • Kommunens politikarar er samde om nøktern budsjettering. Låneopptaket blir halde godt innanfor forsvarleg nivå, og alt vedlikehald er på stell før ein går laus på nye store investeringar. På driftsbudsjettet har dei lovpålagte tenestene alltid førsteprioritet.
  • Stortinget har innsett at den kommunale eigedomskatten var byråkratisk og urettferdig. Istaden har kommunane fått høve til å ta ekstra inntektsskatt når det trengst. Innbyggarane er uansett innforståtte med at spleiselaget må utvidast viss ikkje ordinære inntekter dekker alle gode føremål.
  • Kommunen satsar høgt på å tilby heiltidstillingar til alle som ønsker det, men òg delstillingar til dei medarbeidarane som foretrekker dette.
  • Alle tenester innan helse, omsorg, skule, oppvekst og viktig infrastruktur drivast i offentleg regi.
  • Ingen tilsette i kommunen tener meir enn landets statsminister.

Kommunen som miljøaktør:

  • Som i andre kommunar supplerer ein det vanlege økonomibudsjettet med eit klimabudsjett og eit naturbudsjett der våre nasjonale mål og internasjonale forpliktingar utgjer den raude botnlinja.
  • Ved alle innkjøp og anbod set ein krav om beste standard innan miljø og arbeidsvilkår.
  • Alle kommunale verksemder og køyretøy blir drifta på fornybar energi. Jobbmøte der storparten av arbeidstida går med i bilen til og frå skal godt grunngjevast, no samarbeider folk helst over skjerm. Flyborne jobbseminar i utlandet er lite aktuelt.
  • Når kommunen bygger nytt er det ikkje lenger ein sensasjon om taket er dekt med solceller og sentralfyren blir mata med lokal flis.
  • Kommunen har ein dedikert miljø- og energirådgjevar som gir gratis og oppdatert rettleiing til innbyggarane.
  • I alle plansaker blir miljøomsyn vektlagt sterkt. Når ein ikkje kjem utanom bygging i utmark, blir tilsvarande areal og naturtype erstatta ved tilbakeføring av tidlegare nedbygd areal ein annan stad. 
  • Fjella våre er frie for gondolar, og nye/utvida hyttefelt er uaktuelt. På og rundt vidda har naturmangfaldet forrang framfor nye tufter.
  • Kommunen samarbeider med andre aktørar på vidda om eit sterkt vern av villreinstamma vår.
  • Tida for nye kraftverk i elvar og bekkar er over. Solcelleanlegg på tak er den nye trenden, og tilgjengeleg for alle.
  • Kommunen er ekstremt varsam med øydelegging av matjord, om det i det heile er tillate lenger.
  • Handteringa av hushalds- og næringsavfall er best i test. Levering til miljøstasjon er integrert i renovasjonsgebyret, fleire avfallskategoriar har fått panteordning. Ingen treng mistenka at innsamla avfall hamnar på avvegar.
  • Etter at ny teknologi revolusjonerte gjødselproduksjonen blir kloakk og matavfall her som andre stader omdanna til reine og praktiske gjødselprodukt for landbruket.
  • Kommunen og sivilsamfunnet set si ære i å halda strender og vegkantar frie for søppel.
  • Gummigranulat er bytt ut med miljøvenlege alternativ på alle idrettsanlegg. 
  • Offentlege bed og jordlappar prydast av frukt, grønsaker og urter til nytte for folk i nærmiljøet.

Næringsliv:

  • Store og små bedrifter leverer berekraftige varer og tenester til inn- og utland. Dei som før har levert til oljeindustrien er fullt omstilte til nye oppgåver.
  • Kommunen prioriterer lokale bedrifter ved anbod, så langt regelverket tillet det.
  • Etter at meirverdiavgifta vart fjerna på reparasjon av forbruksvarer ser vi fleire småbedrifter i denne bransjen dukka opp òg i vårt distrikt.
  • Ullensvang er leiande innan lønsam og berekraftig fruktdyrking. Gode kommunale landbrukstenester bidreg saman med forsøksring, faglag og veterinærar til å oppretthalda dei produksjonane vi har naturgitte føresetnader for.
  • Kommunen arbeider offensivt for å halda landbrukseigedomar i hevd, og bidreg til at ledige bruk blir raskt omsette, helst med ny busetting på kjøpet.
  • Lokalmat, -drikke og -handverk blir flittig omsett via ulike marknadsløysingar, både innanfor og utanfor distriktet.
  • Fiskeoppdrettarane i Hardanger har veksla inn verstingstempel med fyrtårnstatus. Næringa er utsleppsfri, dyrevenleg og volumet er tilpassa tilgangen på berekraftige fôrråvarer.
  • Turistnæringa tilbyr opplevingar basert på varsam bruk av lokal natur og kultur. Internasjonal klimapolitikk har lagt ein dempar på flytrafikken, vi har fleire kortreiste turistar og dei langvegsfarne slår seg til ro lenger enn før. Hardanger er cruisefri sone.
  • Kommunen samarbeider med sosiale entreprenørar og andre om skaping av meiningsfulle arbeidsplassar for folk med ekstra utfordringar.
  • Søndagsstengte butikkar er framleis hovudregelen. Kulturelle møteplassar er eit godt alternativ for dei som ikkje nyt helgedagane i fred og ro.

Skule, oppvekst og kultur:

  • Etter den siste nasjonale læreplanrevisjonen kom ei dreiing mot meir praktisk arbeid og større rom for valfridom og fordjuping i grunnskulen. Det gjorde det enklare å bruka lokalsamfunnet i opplæringa, i form av bedrifter, institusjonar, unge og gamle menneske med noko dei brenn for.
  • På alle trinn er det godt og tett samarbeid med helsetenesta, politiet og andre aktuelle instansar. Det har vorte vanlegare å la ungar og eldre møtast i kvardagen, gjennom aktiviteter som er tilpassa begge gruppers nytte og glede.
  • Ungane våre går på skular som er store nok til sikra gode sosiale miljø for dei små, og stabile, gode fagmiljø for dei tilsette. Kommunen strekker seg langt for å sikra rask og trygg transport for dei som kjem dårlegast ut med tanke på reiseveg.
  • Tida for utvidingar av skuledagen er forbi, men skulefritidsordninga er eit godt, variert og billeg tilbod for dei som treng det.
  • Dei næraste vegane kring skulane er bilfrie når elevane kjem og går for dagen.
  • Fylkeskommunen velsignar oss framleis med eit godt og stabilt tilbod innan vidaregåande skule, basert på søkarmassen og næringslivet sine behov.
  • Å tilby læreplassar er ei æresak for både private og offentlege verksemder, noko som er enklare etter at arbeidsgivaravgifta for lærlingar vart avskaffa.
  • Kulturskulen blomstrar som aldri før og tilbyr eit breitt spekter av fag til rimeleg pris.
  • Det er framleis sivilsamfunnet som leier an i kulturlivet, med eit mylder av foreiningar og private initiativ. Kommunen legg til rette og bidreg økonomisk så langt pengane rekk.

Samferdsle:

  • Dei store midlane innan samferdsle blir prioriterte til moderne jernbane og utsleppsfri sjøfart, samt trafikk- og rassikring langs vegane.
  • Heilt nye bilvegar blir bygde berre der det sparar nærmiljøet til folk for gjennomgangstrafikk.
  • Bygdefolk på farten køyrer framleis bil når dei må, men den er elektrisk. Rekkevidde og lademoglegheiter er tilbakelagte problem. 
  • Bussen er eit billeg alternativ til privatbil, godt koordinert med annan kollektivtrafikk, supplert med lettare køyretøy i ei fleksibel tilbringarteneste på dei minst trafikkerte rutene, både i Odda og distriktet elles.
  • På dei kortare strekningane har det vorte særs vanleg å bruka sykkel, ikkje minst etter at kommunen køyrte ein el-sykkelkampanje og fleire store arbeidsplassar byrja å belønna bruk av eigne bein til og frå jobb.

Helse og omsorg:

  • Den langvarige kampen for sjukehuset i Odda er forbi. Innbyggarane er trygge på at eit stabilt og kompetent fagmiljø tek i mot når situasjonen krev det. Det same gjeld sjølvsagt legevakt og ambulanseteneste.
  • Kommunen tilbyr god heimehjelp uavhengig av bustad. Det finst eit godt utval av ulike buformer for eldre i dei største grendene, tilpassa menneske med alle grader av hjelpebehov. Det har vorte meir vanleg at sivilsamfunnet, òg ungar, bidreg til å sikra seniorane våre ein aktiv og sosial alderdom. Kommunen legg til rette for dette ved å organisera både frivilleg og honorert innsats.
  • Kommunen overvakar kontinuerleg førekomsten av fattigdom og utanforskap, og bruker eit breitt spekter av verkemiddel for førebygga og avbøta slikt før det ballar på seg.

 

Vi i Dei Grøne er takksame for leva i eit samfunn der dei aller fleste lever frie, trygge og rike liv. Dette gir oss kunnskap og overskot som forpliktar. Vi kan ikkje vera nøgde så lenge rikdomen vår er til hinder for gode liv i andre land og for etterkomarane våre. Norge står ved eit vegskilje, der langsiktig tryggleik, fridom og velferd for alle står på spel. Vi er nøydde til å ta eit oppgjer med målet om å heile tida produsera, bruka og kasta meir, med alle vanar og uvanar som legg press på livsgrunnlaget vårt. Dei Grøne seier ja til mykje, men ikkje til meir av alt heile tida.